Helsekjelda AS
HELSEKJELDA Magnesium Krem Ingefær 100ml
Produktdetaljer
429 kr
Description
Om oss Helsekjelda AS er eit innovativt selskap som har som målsetting å laga produkt som tilfører kroppen gunstige stoff gjennom huda. Produkta våre er naturlege og økologiske, og vert produsert i Norge. Utvikla i samarbeid med lege Utvikling av produkta er eit tett samarbeid med lege Geir Flatabø og produsent Sissel Minde. Geir Flatabø har i mange år vore opptatt av funksjonell medisin som tar utgangspunkt i vestleg medisin, og kombinerer dette med "komplementær medisin" med fokus på kosthald og trening. Sissel Minde har i mange år utvikla hudprodukt av høg økologisk kvalitet, og er opptatt av å bruka naturlege råvarer som alternativ til uheldige og skadelege ingrediensar. Kvifor Magnesium som krem Gjennom Helsekjelda har vi utvikla ein magnesiumkrem som kundane fortel om god effekt av. Kroppen produserer ikkje magnesium (Mg) og må derfor få tilført dette. Mykje av maten vi et inneheld bearbeidde råvarer, og då kan spesielt mange mineraler gå tapt. Magnesium kan verta tilført gjennom tablettar, vår erfaring er at magnesiumkrem smurt rett på kroppen tilfører det den treng av magnesium utan negative biverknader. I tillegg til magnesium, inneheld også kremen sulfat som inngår i mange av kroppen sine biokjemiske reaksjonar, og det ser ut til å verka avgiftande.
Farge
3 på lager
