HELSEKJELDA Ingefær Krem 100ml
HELSEKJELDA Ingefær Krem 100ml
Om oss
- økologisk
- utvikla og produsert i Noreg i samråd med lege
- ein vil kunna oppleva lindring av muskelsmerte ved bruk av Ingefærkrem
Utvikla i samarbeid med lege
Utvikling av produkta er eit tett samarbeid med lege Geir Flatabø og produsent Sissel Minde. Geir Flatabø har i mange år vore opptatt av funksjonell medisin som tar utgangspunkt i vestleg medisin, og kombinerer dette med "komplementær medisin" med fokus på kosthald og trening. Sissel Minde har i mange år utvikla hudprodukt av høg økologisk kvalitet, og er opptatt av å bruka naturlege råvarer som alternativ til uheldige og skadelege ingrediensar.
Kvifor Magnesium som krem
Gjennom Helsekjelda har vi utvikla ein magnesiumkrem som kundane fortel om god effekt av. Kroppen produserer ikkje magnesium (Mg) og må derfor få tilført dette. Mykje av maten vi et inneheld bearbeidde råvarer, og då kan spesielt mange mineraler gå tapt. Magnesium kan verta tilført gjennom tablettar, vår erfaring er at magnesiumkrem smurt rett på kroppen tilfører det den treng av magnesium utan negative biverknader. I tillegg til magnesium, inneheld også kremen sulfat som inngår i mange av kroppen sine biokjemiske reaksjonar, og det ser ut til å verka avgiftande.